Med ein sval bris og gløtt av sol frå sør blei det skrive samferdslehistorie 72 meter over Eidfjorden. For første gong kunne folk gå tørrskodd over fjorden. Dei to ordførarane på kvar tårnside gjekk i front då dei to følgja møttest midtfjords på nettingstien, som utgjer ein hengande arbeidsplattform for brubyggjarane.

Orførar-kvad
Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang tok teten frå Bu, medan kollega Mona Hellesnes i Ulvik gjekk først frå Vallavik. Tett i tett følgde orførarkollegene frå Eidfjord og Granvin og innbedne gjestar frå styresmakter og media, samt prosjektleiinga til Statens vegvesen og stål-entreprenøren, danske MTHøjgaard.
Solfrid Borge hadde forfatta ei helsing til kollega Mona Hellesnes, som fekk si urframføring under samlinga midt ute på gangbrua:

”MT Højgaard har laga gangveg mellom Vallavik og Bu – og her står eg og du!
I 70 meters høgde over fjorden vår kan me fortelja at her er det eg og du som rår!
Potente tårn på kvar sida, majestetisk dei stend opp etter fjellsida!
I mellom går ei krumma sklia – der skal med no skåla med den nye tida!”

Ekstratur
Etter ei lang og god drøs høgt over fjorden, samt intervjuar mot aust og vest – tok følgjet marsjen i samla flokk opp motabakken til tårnet i Vallavik. Dei fleste tykte nettingvandringa var så festleg at dei like godt vandra vidare ned det bratte sidespennet til bruforankringa.

Etterpå var det catwalk-kake og mange gode ord. 5. september blir loggført som ei ny og stor milepåle for Hardangerbrua, og alle som i si tid har kjempa fram prosjektet fekk heiderleg omtale.

Brufestival
Børre Stensvold frå Vegdirektoratet leiar folka som har hatt ansvar for bruprosjekteringa, og viste til at Hardangerbrua gir Norge eit godt løft innan bruteknologi. Verdas lengste tofelts hengebru vekkjer oppsikt i utlandet og vil gi mange ekstra tilreisande til Hardanger dei næraste åra, meinte han.
Han overleverte forsamlinga ein ide om å skipa til årlege brufestivalar i Hardanger.