Det er tårnet på Bu på sørsida av fjorden som no er kome halvvegs til topps. Her starta støyping av tårnfundament 7. oktober i 2009. Tilsvarande bygging i Vallavik kom i gang 26. januar 2010. Men no er det berre kring to veker i skilnad i framdrifta, slik at Vallavik-tårnet når 100 meters høgd første halvdel av september 2010.

– Brutårn av ein slik storleik er ikkje kvardagskost for Statens vegvesen eller entreprenør Veidekke, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen. Hardangerbrua er som kjent den lengste hengebrua i landet, og den lengste tofelts hengebrua i verda til no.
– Storleiken på konstruksjonen gjer at det her er ny lærdom og erfaring å hente for dei utførande mannskapa. Vi ser at framdrifta på tårnbygginga har auka etterkvart som entreprenøren har fått erfaring, seier Søvik.

Han er og glad for at det ikkje har vore skadar med fråver under betongarbeidet på Hardangerbrua.
– Dei neste 100 metrane gir nye utfordringar, med auka høgd. Dermed vil ein og vere meir utsett for vind og ikkje minst vinterlege tilhøve. Men tryggleiken til mannskapa kjem alltid i første rekkje, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik.