Onsdag 7.november fekk også media og lokal-politikarane ta seg over bruabana i lag med stålentreprenør MTHøjgaard og Statens vegvesen sine mannskap.

Forsvarleg

Det er stor glede over at den siste av dei 23 køyrebane-seksjonane er løfta opp frå skipet. Skipet er undervegs på den lange returen  til Shanghai, medan entreprenør og byggherre har 7-8 hektiske arbeids-månader  i  vente før Hardangerbrua kan ta imot trafikk.
- Dette er eit byggverk som er grensesona når det gjeld tekniske utfordringar, sa prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen, då han orienterte om arbeidet for flokken som hadde gått og sykla over  brua.
- Dei ulike oppgåvene må ta den tid som trengst for at gjennomføringa skal skje på ein forsvarleg måte. Difor har ein blitt ferdig med løfting av køyrebane-seksjonane ei vekes tid seinare enn det som var planen, sa prosjektleiaren mellom anna.

Ny erfaring

Anders Thomsen er prosjektleiar for MTHøjgaard i Hardanger. Han stadfesta at bygging av ei av verdas lengste hengebruer ikkje er kvardagsoppgåver, og at det har vore nye erfaringar å hausta for arbeidsstokken deira. Også bruken av heisekraner på brukablane var ei ny utfordring for mannskapa, noko som etter ein stund blei løyst på ein god måte. Han takka også Statens vegvesen for godt samarbeid gjennom byggjeperioden.