Bomstasjonen er montert ved munninga av Butunnelen på sørsida av fjorden.
Det vert automatisk innkrevjing med AutoPASS i begge retningar heile døgnet.

Takstar og framgangsmåte for å skaffe seg brikke/avtalar vert annonsert i lokalavisene i veke 27/28. Trykt informasjon kjem i postkassane i Eidfjord, Ullensvang, Granvin, Ulvik, Voss og Kvam i veke 28. Avtalar kan teiknast frå 17. juli.

Takstar og rabattar Hardangerbrua

TypeRabattLettekjøretøy t.o.m. 3500 kgTungekjøretøy over 3500 kg
  ForskotsbeløpTakstForskotsbeløpTakst
Full pris0 0 150 0 600
Avtale30 % 1575 105 6300 420
Avtale40 % 2700 90 10800 360
Avtale50 % 3750 75 15000 300

Følgjande grupper er fritatt for betaling:

  • Syklande og gåande
  • Mopedar og motorsyklar
  • Passasjerar i alle typar køyretøy
  • Utrykkingskøyretøy*
  • Elektriske køyretøy med drivstoffkode 5 i vognkortet*
  • Hydrogenbilar med HY-registreringsskilt*
  • Kollektivtransport i rute*
  • Køyretøy i merka gravferdsfølgje (etter avtale med bompengeselskapet)

* Krev AutoPASS-brikke

Takstane kan påklagast til Samferdsledepartementet innan 3 veker frå kunngjering. Klagen skal sendast til Statens vegvesen Vegdirektoratet, Postboks 8142 Dep, 0033 Oslo.

Takstvedtaket vert også annonsert i lokalavisene.