Det er viktig med rydding av snø etter dagar med nedbør av det kvite slaget. Den lette snøen får ikkje bli liggjande og bli til faste klumpar og is. Eventuelt fall av klumpar ned på køyrebane-seksjonane vil vera ein stor risiko for brufolket. Rydding av snø på den hengande arbeidsplattformen over fjorden har difor vore ei viktig oppgåve for mannskapet i februar.

Samstundes er det er eit vakkert syn når nysnøen fell langsamt ned fra catwalken under ryddinga.

Arbeid i telt

Dessutan pågår vitale delar av arbeidet denne vinteren inne under teltduk som er montert over delar av brukabelen. Her er det vikling av metalltråd kring kabelen som er oppgåva. For å få gjort jobben i kulden er det behov for oppvarming under tak. Dermed er det sett opp lange telt, som bli forflytta etter kvart som arbeidet skrid fram, høgt over Eidfjorden.

Frisk luft

Telt blir også nytta under utvendig sveising av skøytane mellom stålkasse-seksjonane, som skal utgjere køyrebana til Hardangerbrua. Her pågår det også sveising innvendig i kassen. Arbeidet skjer sjølvsagt med god utlufting.

Og frisk luft har dei  rikeleg av, mannskapa som byggjer Hardangerbrua.