Dette er opptak frå dei viktigaste oppgåvene i bruarbeidet i 2012.

Etter ei innleiing med glimt frå ferdig montert køyrebane, viser vi opptak frå sluttarbeidet i Shanghai og vidare arbeidet på byggeplassen gjennom 2012, som omfattar fullføring av kabelspinning (med kort utsagn frå kontrollingeniør), montering av hengestangsfeste og hengestenger.

Deretter kjem skipet med alle køyrebaneseksjonane på plass i fjorden, og vidare oppheising av stålkasse-seksjonar frå skipet i hovudspennet.

Til slutt ei oppsummering frå prosjektleiar og glimt frå markering av at siste bruseksjon er løfta opp frå skipet.

(Film: Statens vegvesen/Video Produksjon Bergen (VPB))