Kulturattachee Patrick Geraghty ved den amerikanske ambassaden skal avduka kunstverket DEN på Vedahaugane medan leiar for Stortingets Energi- og miljøkomite, Erling Sande, skal stå for opninga av Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet.

Med dette kunstverket har den amerikanske kunstnaren Mark Dion i samarbeid med den norske arkitekten Lars J. Berge skapt ei spennande oppleving i eit høgfjell der snøen ligg store deler av sommaren.

Mark Dion er ein forteljar. Natur, økologi, vitskap og miljø er heilt sentrale tema i hans kunstnarlege arbeid. Han er ukonvensjonell og utfordrar oss til å tenkja nytt. «Hiet» (2012) inviterer deg til refleksjon og ettertanke i eit stemningsfullt rom.

Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet mellom Aurlandsvangen og Lærdalsøyri er 47 kilometer lang, og går frå fjord til fjord over høgfjellet. På strekninga er det laga fleire flotte installasjonar, med den spektakulære utsiktsrampa på Stegastein som ein av dei mest profilerte.

Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet er ein av 18 utvalde strekningar som i 2012 får status som Nasjonal turistveg.

Les meir om Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet her.