Arbeidet med Bømlopakken starta nyåret 2000.Bømlo kommune sette ned ei vegnemnd som fekk i oppdrag å sjå på kva tiltak som måtte gjerast for å oppgradera vegnettet på Bømlo. Til dette arbeidet vart Norconsult engasjert som konsulent og dei utarbeidde det første dokumentet: Vegplan for Bømlo (Bømlopakken), som var klar i 2002.

Kommunestyret handsama planen den 18.11.02 og gav i dette vedtaket politisk klarsignal til at arbeidet med ei konkretisering av pakken med forslag til finansiering og søknad om bompengar skulle inngå.

Planen med tilhøyrande bompengesøknad vart handsama i kommunestyret den 03.04.06.

Saka vart lagt fram for Fylkestinget i Hordaland 13.06.07. Fylkestinget stilte seg positive til finansieringsløysinga og tilrådde bompengesøknaden.

Grunna kostnadsauke og endring i prioritering mellom prosjekta i høve tidlegare handsaming av søknaden, blei eit revidert opplegg lagt fram og godkjent i kommunestyret 15.12.08.

Fylkestinget godkjente 17.03.09 revidert bompengesøknad og tilrådde at bompengeandelen vart utvida frå maks 313 mill. kr (2005-kr) til 642 mill. kr (2008-kr).

Innstilling frå Samferdselsdepartementet om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune vart lagt fram og godkjent i statsråd den 29.mai 2009, jf. Innst.S.nr.343 (2008–2009).

Søknad om delvis bompengefinansiering av Bømlopakken vart godkjent i Stortinget 16.06.09, jf. St.prp.nr 78 (2008–2009) Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune.