Bompengar vert krevd inn med AutoPASS i tovegs heilautomatisk bomstasjon.

Bømlo bomstasjon er plassert på Spissøy i Bømlo kommune, like ved kommunegrensa til Stord. I tillegg er det innkrevjing av bompengar i ferjesambandet Langevåg–Buavåg (mellom Bømlo kommune og Sveio kommune). Alle som passerer inn og ut av Bømlo kommune, må betala bompengar.

Innkrevjinga starta opp når innkrevjing for Trekantsambandet blir avslutta, 2. mai 2013. Innkrevjingsperioden vil vera 15 år.

Bompengetakstar

Ved innkrevjinga i bomstasjonen er det planlagd to takstgrupper:
– Lette kjøretøy (kjøretøy med totalvekt til og med 3500 kg)
– Tunge kjøretøy (kjøretøy med totalvekt over 3500 kg)

Bømlo vegselskap AS er bompengeselskap for Bømlopakken, og er ansvarleg for innkrevjinga av bompengar. For prisar gå til: http://www.bomlopakken.no/Prisarogbetaling/Prisar.aspx