Strekninga Ekornsæter–Sakseid er prioritert som nr. 10 av tiltaka på det tidlegare riksvegnettet i Bømlopakken. Fv. 541 er hovudvegen nord-sør på Bømlo. Vegen har mykje tungtrafikk og har delvis særs dårleg standard. Prosjektet omfattar omlegging/utbetring langs eksisterande veg, samt bygging av gang- og sykkelvegar langs deler av strekninga. Det er lagt til grunn bygging av ein tunnel på om lag 500 m ved Sakseid.

Fakta
Kommune:Bømlo
Fylke:Hordaland
Hensikt:Vegutbetring og trafikksikring.
Veg:Fv. 541
Lengde:5600 meter
Finansiering:Fylke, Lokale tilskot, Bompengar
Pakke:Bømlopakken
Totalkostnad:105 mill. kr (2008-kr)
Oppstart:2019
Fase:Planfase