Strekninga Hestaneset–Tjong er prioritert som nr. 7 av tiltaka på tidlegare riksvegar i Bømlopakken. Fv. 541 er hovudvegen nord-sør på Bømlo. Eksisterande veg er smal og har krappe kurver med uoversiktlege forhold. Vegen har mykje tungtrafikk. Regulert veg følgjer eksisterande veg på store delar av strekninga, men er lagt ut i ny trase forbi Hope og Holme, noko som bidrar med å korte ned strekninga. Det vert etablert eit nytt kryss med avkjøring mot Hope og Grutle og eit nytt kryss med avkjøring mot Holme.

Fakta
Kommune:Bømlo
Fylke:Hordaland
Hensikt:Vegutbetring og trafikksikring.
Veg:Fv. 541
Lengde:5200 meter
Finansiering:Fylke, Lokale tilskot, Bompengar
Pakke:Bømlopakken
Totalkostnad:71 mill. kr (2008-kr)
Oppstart:2016
Fase:Planfase