Den 1,5 km lange strekninga Hollundsdalen–Stokkabekken er prioritert som nr. 3 av tiltaka på tidlegare riksvegar i Bømlopakken. Vegstrekninga har høg trafikk og mykje tungtrafikk. Det er ikkje gang- og sykkelveg på strekninga. Ny vegstrekning skal i hovudsak følgje  eksisterande vegtrase. Langs vegen vert det bygd gang- og sykkelveg og busslommer.

Fakta
Kommune:Bømlo
Fylke:Hordaland
Hensikt:Opprusting av veg til vegnormalstandard med samanhengande gang- og sykkelveg.
Veg:Fv. 542
Lengde:1500 meter
Finansiering:Stat, Lokale tilskot , Kompensasjonsmidlar
Pakke:Bømlopakken
Totalkostnad:70 mill. kr (2008-kr)
Oppstart:2010
Fase:Byggefase