Strekninga Røyksund–Eikeland er prioriter som nr. 6 av tiltaka på tidlegare riksvegar i Bømlopakken. Vegen er smal og har krappe kurver med uoversiktlege forhold. Prosjektet omfattar vegtrase som hovudsakleg følgjer eksisterande veg som skal utvidast i breidda til vegnormalstandard, samt gang – og sykkelveg. Det er utarbeidd eit notat som skisserer ulike bruløysingar ved Røyksundet. To alternativ er vurdert; Eitt alternativ er bygging av ny bru ved sida av dagens der dagens vert nytta vidare, medan det andre alternativet er å rive dagens bru og byggja heilt ny over Røyksundkanalen.

Fakta
Kommune:Bømlo
Fylke:Hordaland
Hensikt:Vegutbetring, trafikksikring, gang- og sykkelveg.
Veg:Fv. 542
Lengde:ca. 1800 meter
Finansiering:Fylke, Lokale tilskot, Bompengar
Pakke:Bømlopakken
Totalkostnad:31 mill. kr (2008-kr)
Oppstart:2013
Fase:Planfase