Strekninga Sakseid–Hestaneset er prioritert som nr. 9 av tiltaka på det tidlegare riksvegnettet i Bømlopakken. Fv. 541 er hovudvegen nord-sør på Bømlo. Vegen har mykje tungtrafikk og har delvis særs dårleg standard. Prosjektet omfattar veg i ny trasé utanom bygdene Sakseid, Våge, Lykling og Sele, opprustning av eksisterande veg forbi Kuleseid, samt bygging av gang- og sykkelvegar på deler av strekninga.

Fakta
Kommune:Bømlo
Fylke:Hordaland
Hensikt:Vegutbetring og trafikksikring.
Veg:Fv. 541
Lengde:9900 meter
Finansiering:Fylke, lokale tilskot, bompengar
Pakke:Bømlopakken
Totalkostnad:355 mill. kr (2014-kr)
Oppstart:2017
Fase:Planfase