Strekninga Stokkabekken–Rubbestadneset er prioritert som nr. 4 av tiltaka på tidlegare riksvegar i Bømlopakken. Prosjektet gjeld bygging av ny veg frå Stokkabekken til Rubbestadneset. Ny veg skal i hovudsak byggjast i ny trase, med ny bru på om lag 70 m over Stongarvågen. Det er planlagt ein tunnel på om lag 250 m som kjem ut sør for Rubbestadneset sentrum.

Prosjektet omfattar også bygging av miljøgate på Rubbestadneset.

Fakta
Kommune:Bømlo
Fylke:Hordaland
Hensikt:Ny hovudveg delvis med gang- og sykkelveg.
Veg:Fv. 542
Lengde:2945 meter
Finansiering:Fylke, Bompengar
Pakke:Bømlopakken
Totalkostnad:133 mill. kr (2008-kr)
Oppstart:Våren 2012
Fase:Byggefase