Strekninga Stokkabekken–Siggjarvåg er prioriterte som nr. 5 av tiltaka på tidlegare riksvegar i Bømlopakken. Prosjektet gjeld bygging av ny vegtrase mellom Stokkabekken og Siggjarvåg.

Toplanskryss ved Stokkabekken med avgreining mot Rubbestadneset og kryss ved Ekornsæter og Skogadalen/Foldrøy inngår i prosjektet. Der vegen vert lagt om er eksisterande veg tenkt nytta av gang- og sykkeltrafikken samt bussar.

Frå Siggjarvåg er det bygd ny veg vidare mot E39 som del av Trekantsambandet.

Fakta
Kommune:Bømlo
Fylke:Hordaland
Hensikt:Ny hovudveg med samanhengande gang- og sykkelveg.
Veg:Fv. 542
Lengde:Ca. 7200 meter
Finansiering:Fylke, Lokale tilskot, Bompengar
Pakke:Bømlopakken
Totalkostnad:205 mill. kr (2008-kr)
Oppstart:2013
Fase:Planfase