Strekninga Urangsvåg–Brandasund er prioritert som nr. 2 av tiltaka på eksisterande fylkesvegnett i Bømlopakken og omfattar hovudsakleg utbetring/utviding langs eksisterande veg på Fv.18. Tiltak mellom Laurhammarkjosen og Urangsvåg vart utført i 2009.

Strekninga mellom Goddebrua og Austvik har delvis særs dårleg standard med krappe kurver og smal vegbreidde. Tilhøva for mjuke trafikantar skal betrast i tettstadane Erevik, Ådnarå og Myro, der det vert etablert fortau og betre tilgjenge til busstopp.

Fakta
Kommune:Bømlo
Fylke:Hordaland
Hensikt:Vegutbetring og trafikksikring.
Veg:Fv. 18
Lengde:5700 meter
Finansiering:Fylke, Lokale tilskot, Bompengar
Pakke:Bømlopakken
Totalkostnad:39 mill. kr (2008-kr)
Oppstart:2014
Fase:Planfase