Bypakke Nord-Jæren er den nye bompengeordninga på Nord-Jæren frå 2018. Det kjem 38 nye bomstasjonar. Dei gamle bomstasjonane skal fjernast når dei nye er i drift, frå oktober 2018. Fleire vegar blir stengte for gjennomkøyring i forbindelse med bomstasjonane. Bypakke Nord-Jæren blei vedtatt i Fylkestinget i Rogaland desember 2014. Stortinget vedtok Bypakke Nord-Jæren 30. mars 2017. Bygging av bomstasjonar pågår i 2017 og 2018.