- Det er eit politisk ønske i Stavanger og i Rogaland fylkeskommune at vi ser på kva som skjer med trafikken dersom vi endrar på bussprioriteringa. Det gjer vi nå, for å undersøke kva utslag vi får, seier overingeniør Ingve Undheim i Statens vegvesen.

Politikarane i Stavanger har sett av 12 millionar kroner til å betre trafikksituasjonen Hillevåg.

- Heilt konkret skal vi stille på signala i kryssa ved Sandvikveien og ved Zetlizveien. Det gjer at bilane og syklistane ikkje treng å vente på raudt lys like lenge som nå. Men på grunn av mengda med trafikk i rushtida, ventar vi ikkje at tida ein brukar mellom Mariero og krysset ved Hillevågstunnelen blir mykje kortare, forklarar Undheim.

Registrering denne veka

For å få den naudsynte oversikta må køane og tida det tar å køyre gjennom Hillevåg både med bil og buss registrerast, før og etter endringane.

Registreringane startar allereie denne veka:

  • Førregistrering:                       10.-12. april
  • Endring av signalanlegg:         13. eller 16. april
  • Etterregistrering:                     17.-19. april

 

Andre løysingar

Undheim ventar ikkje store endringar, men forklarar at dei nå i alle fall testar og registrerer for å få fakta på bordet.

I tillegg til å justere signala i kryssa, vurderer Statens vegvesen også andre tiltak framover, mellom anna å flytte haldeplassane.