Dei fleste var opptatte av kva Bussveien vil bety for deira eigedom. Kjem vi til å rive bustader, endre tilkomst eller fjerne parkering? Vil det bli støy frå trolleybussane? Korleis får vi plass til master for trolleybussane? Mange var opptatt av framdrift og at vi blir ferdige så fort som råd er, slik at dei som blir rørte får rask avklaring og ikkje må vente lenge i uvisse.