– Det betyr at berørte partar kan kome med synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til planane for Bussveien på denne strekninga, opplyser Laila Løkken Christensen-Dreyer, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Planprogrammet er på høyring og offentleg ettersyn fram til 1. november.

Planarbeidet blir delt i to prosjekt, der første del går frå Mosvatnet på riksveg 509, via Stavanger sentrum til Hillevåg på fylkesveg 44. Den andre delen går frå Sundekrossen til Mosvatnet på riksveg 509.

Informasjonsmøte 22. september og 5. oktober

Planane for Bussveien blir presenterte på to informasjonsmøte.

  • Mosvatnet-Stavanger sentrum-Hillevåg: Torsdag 22. september klokka 18:00-20:00, på Folkets Hus Stavanger (Løkkeveien 22).
  • Sundekrossen-Mosvatnet: Onsdag 5. oktober klokka 18:00-20:00, på den Internasjonale skolen i Stavanger (ISS) (Treskeveien 3).