Statens vegvesen og Rogaland fylkeskommune lagar i samarbeid med Stavanger kommune detaljreguleringsplan for Bussveien på strekninga Mosvatnet-Stavanger sentrum-Hillevåg. Opprinneleg planområde og planprogram blei vedtatt av Kommunalstyret for byutvikling i februar 2017.

Statens vegvesen varslar nå, i samsvar med plan-og bygningslova, utviding av planområdet.

Den varsla utvidinga gjeld i hovudsak areal som skal nyttast til anleggsområde. Områda blir opparbeida og gitt tilbake til grunneigar etter at Bussveien er ferdig bygt.

Vi ber med dette om innspel til utvidinga av planområdet for denne planen.

Bussveien på strekninga

Målet med planarbeidet er å regulere for ein bussveg med høg kvalitet på strekninga frå Mosvatnet til Olav Vs gate. På denne strekninga kjem Bussveien på nordsida av Madlaveien.

Øvrig trafikk blir flytta til sørsida av Madlaveien.

Ein del bustader har tilkomst ut i Madlaveien i dag. Desse får ny tilkomst frå gatene på baksida.

Planområdet følger riksvei 509 frå Mosvatnet til Olav Vs gate.

Sjå kart over utviding av planområdet med forklaringer i vedlagt brev.