Oppstarten blir varsla i samsvar med plan- og bygningslova §12-8 og §12.9.

Beskriving av prosjektet

Bussveien til Utenriksterminalen er siste del av Bussveien linje A. Linje A kjem til å gå langs riksveg 509 Transportkorridor vest (TKV) og ha åtte avgangar i timen i rushet, med drift heile døgnet. Hovudmålet med Bussveien er å styrke kollektivtransporten og sikre gode løysingar som bidrar til god framkomst for bussen og god komfort for dei som reiser kollektivt. Utbygging av Bussveien blir finansiert gjennom Bymiljøpakken på Nord-Jæren.

Planområdet følger Kontinentalveien frå krysset ved Tankveien og ned til Utenriksterminalen. Utenriksterminalen blir endehaldeplass for Bussveien. Prosjektet blir tilpassa vedtatt plan for TKV i krysset ved Tankveien/Kontinentalveien. Sjå oversikt over planområdet i vedlegg. 

I samarbeid med Sola kommune har vi vurdert at det ikkje er krav om konsekvensutgreiing då planen ikkje fører med seg vesentlege verknader for miljø og samfunn etter kriteria som går fram av §4 i forskrift om konsekvensutgreiing. Det er utarbeida eit forprosjekt og ein trafikkanalyse som grunnlag for å avklare rammer og prinsippløysingar for arbeidet med detaljreguleringsplanen.

Framdrift og frist for innspel

Reguleringsplanen for Bussveien Utenriksterminalen blir truleg vedtatt i første kvartal 2020, med byggestart i løpet av 2022.

Vi ber om at dei som ønskjer det sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysingar til oss innan 11. januar 2019.

Send gjerne innspel og merknader til

Merk e-posten eller brevet med saksnummer 18/259705.

Når vi har laga eit utkast til reguleringsplan, kjem vi til å arrangere eit ope møte der vi presenterer planutkastet før planen blir gjort ferdig og lagt ut til offentleg ettersyn. Dette blir annonsert her, på denne nettstaden, og hos Sola kommune.

Ta gjerne kontakt

Dersom de har spørsmål om planarbeidet, kontakt gjerne