Av fjellovergangane mellom aust og vest står Filefjell som det naturlige valet i periodar med dårlig vêr. Regulariteten er best her, og dette fører til at særleg tungtrafikken aukar i vanskelege vinterperiodar.

Men prosjektstrekninga har ein varierande standard. Vegbreidda er i stor grad 5,5–6 meter, og det meste av strekninga manglar gul midtlinje. Fjellstrekninga er også utsett for snøskred, som også gjerne går i uversperiodar. Dette har ført til situasjonar der all trafikk aust/vest i Sør-Noreg har vore blokkert. I tillegg er oppstiginga på begge sider bratt og trong, slik at det oppstår mange havari med tunge biler og tidkrevjande bergingsoperasjonar.