Ny E16 over Filefjell

Filmen om E16 Filefjell-utbygginga gir eit godt overblikk over heile vegprosjektet, mellom anna med opptak frå drone. Filmen er produsert av Falkeblikk AS, med kart frå Grafisk Senter i vegvesenet. Opptaka er gjort i løpet av dei siste to åra.

Vegarbeid i Darbuviki juni 2015

E16 Filefjell var stengt grunna vegarbeid første tre vekene av juni. Då laga Hæhre entreprenør mellom anna ny veg forbi Darbuviki. Her ser ein tre vekers arbeid på 1 ½ minutt.

Filefjelltunnen utsprengt

I februar 2015 var 2,5 kilometer av den 5,8 km lange Filefjelltunnen på E16 ferdig utsprengt. Video inn frå Tyinkrysset i aust.

Informasjonsfilm om vegprosjektet

Filmen viser ein gjennomgang av prosjektet, frå Borlaug i Lærdal til Øye i Valdres. Filmen er produsert av AV-Team med grafikk og animasjon frå Grafisk senter i Statens vegvesen.

Animasjon frå Filefjellstunnelen til Smedalsosen

I denne filmsnutten "køyrer" du vegen over høgfjellet, frå vestenden av Filefjellstunnelen mot Smedalsosen. Animasjonen viser korleis vegen ligg i terrenget og korleis vegbana er heva for å unngå at snøen legg seg i vegen. Animasjonen er ein teoretisk modell, som kan avvike noko frå korleis den ferdige vegen blir.