Ved sprenging av ei salve tidlegare i september skjedde det eit utfall i fjellskjeringa, som betyr at delar av fjellet under der det vart sprengt rasa ut. Store blokker og steinmassar kom ned i vegen. Blokkene slo også sund ein mellombels mur som var sett opp på nedsida av vegen.

Under sprenging tidlegare i denne veka skjedde det same igjen. Geolog har vore på staden, og saman med byggherre og entreprenør vart det konkludert med at arbeidet med å opne og sikre vegen vil vere så omfattande og utfordrande at det ikkje let seg gjere før tidlegast 12. oktober.

- Entreprenøren har lova å gjere det dei kan for å rydde og sikre vegen. Dei skal også ha ressursar nok til at arbeidet skal skje så raskt og effektivt som råd, seier prosjektleiar for E16 Filefjell, Oddvin Ylvisaker.