I veke 29 og 30 blir det ferie og full stopp på anlegget. Fram til då vil det vere sprenging av fjellskjeringar, bygging av vegfylling og utviding av eksisterande veg frå Borlaugstunnelen og oppover.

Nye E16 nedanfor MaristovaNye E16 nedanfor Maristova

 
Tjuveri av GPS-utstyr

Entreprenøren på prosjektet fekk seg ein lite hyggeleg overrasking for eit par veker sidan. Då dei kom att etter helgefri var tre gravemaskiner ribba for dyrt GPS-utstyr.

- Tjuvane var veldig målretta og stal berre ein type GPS-utstyr. Andre gravemaskiner med anna eller eldre utstyr fikk stå i fred, fortel byggjeleiar i Vegvesenet, Sveinung Brude.

Entreprenørane har tidlegare opplevd tjuveri av drivstoff frå maskinene sine.
Tjuveriet har ikkje noko konsekvens for framdrifta for heile anlegget. Det er mest eit økonomisk tap for dei som eig maskinene, seier Brude.

- Slike hendingar får alltid økonomiske konsekvensar for eigarane, sjølv om dei har forsikring så er det eigenandel og det går arbeid og tid til å montere nytt utstyr.

Trafikkvakter får kjeft

 

Trafikkvakter på FilefjellTrafikkvakter på Filefjell

Dei siste vekene har det vore fleire to-timers stengingar i løpet av dagen, i tillegg til kortare stengingar. Med sommarutfarten kan køane bli lange, og trafikkvaktene som styrer med stenginga har ein viktig og til tider krevjande jobb.

- Dei møter mest forståing for at vi må stenge, men enkelte kjeftar på trafikkvaktene, og det kan opplevast ubehageleg, seier Brude.

Han oppmodar trafikantane til å være greie med trafikkvaktene.

- Dei gjer berre jobben sin, påpeikar han.