Arbeidet på E16-delstrekninga Smedalsosen-Borlaug har no kome så langt at anleggsfolka kan kjøre forbi Maristova på ny trase.

- Men vegen er å rekne som ein anleggsveg, og mykje står sjølvsagt att, seier byggeleiar Sveinung Brude.

I den høge fjellskjeringa aust for Maristova er ca 30.000 m3 stein no sprengt ut, og ca 10.000 m3 står att. Dette planlegg entreprenøren å utføre i løpet av vinteren. Nede i Borlaugskrysset er rundkøyringa asfaltert, men krysset vil framleis vere trafikkert som eit T-kryss gjennom heile vinteren. Det blir først trafikkert som rundkøyring etter at  skilting for rundkøyring er etablert.

I Borlaugstunnelen er Mesta Elektro i gang med å trekke kablar og montere belysning, ventilasjon og nødskap, eit arbeid som tek mange månader å fullføre. Delstrekninga er planlagt opna utpå hausten, slik at bilistane er over på ny veg frå Borlaug til Smedalsosen før neste vinter set inn.