Mannen låg i elva i over ein time før han vart berga opp og frakta til Haukeland Universitetssjukehus.

Stogga i elva

20-åringen var tilsett hjå ein underentreprenør av Mesta og var førar av ein dumper som frakta stein i samband med bygginga av ny E16.  Ulukka skjedde rundt klokka 14.30 ondag 21.november, mellom Maristova og Smedalsosen.

Hendingsforløpet er enno ikkje avklara, men dumparen har gått utfor ei bratt skråning og stogga i ein elvehøl. Førarhuset hadde vridd seg og låg på sida under vatn, medan lasteplanet stod på hjula. Bilen var utan last då ulukka skjedde.

Kollegaer av mannen kom raskt til staden, og starta arbeidet med å få han ut, noko som var ei vanskeleg oppgåve. I den frosne elva brukte dei det dei hadde for hand for å bryte opp dørene.

Ambulanse, luftambulanse, politi og brannvesen kom til staden. Det vart søkt etter mannen med redningsdykkarar, og rundt klokka 16 vart mannen henta opp frå elva og frakta med redningshelikopter til Haukeland Universitetssjukehus med kritiske skader.

Helse Bergen meldte fredag morgon at mannen døydde i løpet av natta.

På Filefjell tek ein meldinga om dødsfallet tungt, seier Kjartan Hove, leiar for prosjektavdelinga i Statens vegvesen.

- Slike ulukker vil alltid prega arbeidsplassen då dei fleste kjenner kvarandre. Våre tankar går no til dei pårørande, seier Hove.