Den fire kilometer lange Borlaugstunnelen fjernar ei svingete og rasutsett strekning, og er eit viktig element i bygginga av ny E16 mellom Smedalsosen og Borlaug i Lærdal.

Elektro-oppdraget inneheld alt elektrisk utstyr i tunnelen, som levering og montering av lys, straumkablar, nødtelefonanlegg, radioanlegg, tilkopling og styring av vifter, levering og montering av innvendig belyste skilt, samt noko skilt og veglys ute i dagen.

- Vi er godt nøgd med talet på tilbydarar, og prisane er innafor det som var forventa. Tilboda skal no kontrollreknast, og vi tek sikte på å skrive kontrakt med ein av tilbydarane før sommaren, seier Sveinung Brude, byggjeleiar på E16 Smedalsosen-Borlaug.

Innkomne tilbod:

(tala er avrunda)

Kvinnherad Elektro AS

22,1 mill.kroner

Traffic Solutions AS

23,1 mill.kroner

Scanmatic Elektro AS

24 mill.kroner

Mesta AS, Elektro

20,1 mill.kroner

ONE Nordic Kraftmontasje AS

21,9 mill.kroner