I tillegg får dei reisande nye toalett, noko som kjem godt med medan ein ventar på kolonne om vinteren.

- Me har teke omsyn til ynskjer frå dei som brøyter fjella når me har dimensjonert det nye anlegget på Borlaug. Brøytesjåførane kan sjå fram til ein betre arbeidskvardag når anlegget står ferdig, seier Arild Henjum i Satens vegvesen.

Han følgjer opp kontrakten med Fretland Bygg AS i Lærdal, som står for bygging av det nye anlegget. Kontrakten har ein verdi på rundt 10 millionar kroner, og etter planen skal arbeidet vere ferdig utført i august.

I betongbygget blir det ein stor, oppvarma avrimingshall for brøytebil med påmontert plog/skjer, samt lager for to typer sand og salt.

I trebygget får brøytesjåførane sin bustaddel og dei vegfarande får to offentlege toalett vendt ut mot kolonnefeltet.