Veganlegget Smedalsosen-Borlaug vart overteke frå entreprenøren den 29. september. Noko reklamasjonsarbeid står att, slik det ofte gjer på store kontraktar. Mellom anna må grøfter utbetrast fleire stader på anlegget, ein støttemur må opp ved kjettingplass i Honingane og det står igjen noko fjellsikring i høgskjeringa over Maristova og montering av siste del av issikringsnett.

- Berre i høgskjeringa er det rundt 5000 kvadratmeter med isnett. Arbeidet i høgskjeringa vil vare ei vekes tid til, og det medførar nedsett fartgrense til 50 km/t eit kort stykke, seier byggjeleiar Sveinung Brude på E16 Borlaug-Smedalsosen.

Humpar i vegen

Ein anna sak er at det har oppstått setningar i ei fylling under vegen mellom brua på austsida av Borlaugstunnelen og avkøyringa til Maristova og Gramstølen. Ei strekning på rundt 200 meter er ikkje blitt så jamn som ho skal vere.

- Bilistane vil oppleve det som ujamn veg. Det skuldast truleg at det har kome snø og is i vegbyggingsmassane under vegen då han vart bygd sist vinter. Dette kan vere langt nede i fyllinga, sidan det tok tid før det oppstod og det vart registrert. Setningane må få tid til å stabilisere seg før entreprenør kan reparere vegen neste år, seier Sveinung Brude.

Opprydding

Entreprenørane er no i full gang med å rydde opp i riggområde og massedeponi på Smedalsosen-Borlaug, og ein del stein er flytta frå Borlaug og opp på Hemsedalsfjellet for å bygge fresegrøfter der.

- Det er kjekt å sjå at eit stort prosjekt no snart er heilt sluttført, og bilistane kan gle seg over fin veg frå Borlaug og heilt til fjells, seier Sveinung Brude, som no har vore med og fullføre sitt femte vegprosjekt i Lærdal kommune som byggjeleiar i Statens vegvesen, sidan han byrja på Lærdalstunnelen på siste halvdel av 90-talet.