Fem firma ville ha oppdraget, men Mesta hadde det lågaste tilbodet på vel 20 millionar kroner.

Elektroarbeidet i Borlaugstunnelen skal starte i november, og skal vere ferdig til sommaren 2014.

Oppdraget omfattar alt elektrisk utstyr i tunnelen, som levering og montering av lys, straumkablar, nødtelefonanlegg, radioanlegg, tilkopling og styring av vifter, levering og montering av innvendig belyste skilt, samt noko skilt og veglys ute i dagen.