- Mesta AS har plan om å starte asfalteringa på ny trase frå rundkøyringa i Borlaug og opp til Honningane bru. Arbeidet på den strekninga vil vere ferdig siste veka i mai, seier byggjeleiar Sveinung Brude på Borlaug-Smedalsosen.

Asfaltering vidare opp forbi Maristova blir i juni, medan den øverste delen opp mot Smedalsosen blir i månadsskiftet august/september.

Trafikantane vil kunne køyre på ny trase etter kvart som han er ferdig, og folk vil oppleve betre køyretilhøve på strekninga fram mot sommarferien.

Masseflytting

Det pågår no arbeid fleire plassar langs traseen på Borlaug-Smedalsosen. Mykje arbeid med masseflytting pågår, det er planering av berelag, legging av kantstein, arbeid med sideareal/grøntareal og skilting. Snart startar også arbeidet med å setje opp rekkverk.

Inne i Borlaugstunnelen er elektroarbeidet inne i siste fasen, og ein startar prosessen med å få testa og sikkerheitsgodkjent tunnelen om nokre veker. Mellom anna skal det gjennomførast brannøving i lag med brannvesenet i Lærdal i byrjinga av juni, og elektroniske system kopla opp mot Vegtrafikksentralen må testast og godkjennast.

Veganlegget ligg fint i rute for ferdigstilling før vintersesongen startar.