Borlaugstunnelen på E16 Filefjell går no igjennom sikkerheitstesting og godkjenning før trafikk kan sleppast på den 4,1 kilometer lange tunnelen. Brannøving er ein viktig del av førebuingane til normal bruk, og klokka 17.00 ein ettermiddag i juni gjekk difor kontrollingeniør Gudmund Lunden inn i tunnelen og røska laus eit brannslokningsapparat, slik at alarmen automatisk vart utløyst.

Med naudtelefonen fekk han kontakt med Vegtrafikksentralen og naudetatane, og det tekniske utstyret i den flunka nye tunnelen virka heldigvis slik det skulle. Brannvesenet i Lærdal kalte inn personell til utrykking, og mens brannfolka sprang frå middagsbordet til brannstasjonen, gjekk Lunden i gang med å starte ein skikkeleg brann inne i tunnelen, under kontrollerte former sjølvsagt.

Mykje røyk

Ein container med bildekk, pallar og diesel stod klar inne i tunnelen, og med ein lang pinne med fyr på enden tente han opp i containeren.

- Med ventilasjonsanlegget på full effekt vart røyken blåst oppover mot Maristova, og frå utsida såg det nok dramatisk ut for folk som kom tilfeldig køyrande forbi øvingsområdet, seier byggjeleiar Sveinung Brude på E16-strekninga Smedalsosen-Borlaug.

Brannvesenet i Lærdal brukte 25 minutt frå alarmen gjekk til dei var på plass ved vestenden av tunnelen, og når dei var framme fekk folk rykke inn i tunnelen for å sjå på brannen. Dei mange observatørane på øvinga måtte få sjå flammane, og dei øvde også på å snu ventilasjonsretninga i tunnelen, slik at røyken vart blåst vestover mot Borlaug og Lærdalsdalen.

Realistisk

Fleire av brannfolka som rykte ut til tunnelen hadde "skarp" erfaring frå brannen i Gudvangatunnelen, der dei rykte ut saman med Aurland brannvesen. Øvinga var difor særs realistisk og relevant for Lærdal brannvesen, som har mange tunnelar å passe på i kommunen: Mellom anna noregs lengste: Lærdalstunnelen på 24,5 km.

Til slutt slokka Lærdal brannvesen flammane i containeren, og då øvinga var over, samla deltakarane seg på prosjektkontoret på Maristova. Der vart hendingane gjennomgått, og ein drøfta erfaringar ein hadde gjort seg.

- Øvinga var særs velukka, og alt det tekniske fungerte slik det skulle, seier ein nøgd byggjeleiar Sveinung Brude.

I etterkant av brannøvinga har dei også testa naudstrømsystemet i tunnelen, og dei tekniske innstallasjonane kopla opp mot VTS er inne i ein tovekers testperiode, for å sjå om alt fungerer stabilt. Når tunnelen får sikkerheitsgodkjenninga på plass, kan han opnast for trafikk. Prosjektleiinga planleggjar å opne tunnelen før sommarferien, men om trafikken kan sleppast på i juli eller i august blir ikkje klart før all testing er gjennomført og sikkerheitsgodkjenninga er på plass.