Metoden er meir skånsam enn tradisjonelle metodar.

Georadar blir prøvd ut på E39 Smiene-Harestad. Målet er å avdekke fornminner i vegtraseen. Undersøkingane i Stavanger skal vere første gang georadar er nytta for å finne arkeologiske spor i Region vest.

Ein georadar er på sett og vis som eit ekkolodd på land. Den sender radarsignal ned i bakken og kan fortelje fagfolka kva som er under torva. Med georadar er det mogleg å finne strukturar og konstruksjonar under bakken.

Vanleg i utlandet

- Poenget med ein georadar er å finne arkeologiske objekt under markoverflata. Metoden er meir vanleg i utlandet, men på prøvestadiet i Noreg, fortel Jens Flemming Krøger, arkeolog i Statens vegvesen.

Med ein traktor eller firhjuling skyv eller dreg ein georadaren. Undersøkinga er skånsam for jorda.

- Når vi bruker georadar kan vi finne arkeologiske spor utan å grave og forstyrre markoverflata, fortel Krøger.

21 grunneigarar

Metoden erstattar ikkje sjakting, som betyr at man ved hjelp av gravemaskin fjernar det øvre matjordlaget, på Smiene-Harestad. Men undersøkingane kan truleg bidra til at det i framtida blir mindre behov for fysisk sjakting etter arkeologiske spor.

21 grunneigarar har sagt ja til å delta i undersøkingane, som skjer frå 8. februar til 19. februar. Rundt 300 mål blir saumfart i jakta etter spor.

- Vi gjer dette no fordi veksten ikkje er skikkeleg i gang, og dermed skapar vi ikkje problem for drifta på gardane, seier Krøger.

Kokegroper og eldstadar

Prosjektet er starta av Niku (Norsk institutt for kulturminneforskning) og vegdirektoratet. I Rogaland er det eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Rogaland fylkeskommune og Niku, som er ansvarleg for undersøkinga.

Krøger håpar metoden er like nyttig på sørvestlandske jorder som på Austlandet.

- På Austlandet har Niku funnet mye forskjelleg. Spor etter takberande stolpar, kokegroper og eldstadar. Er vi ekstra heldige finn vi graver, smiler arkeologen i Statens vegvesen.