Det skal leggast asfalt forbi byggeplassen til E39 Svegatjørn–Rådal ved Skeievatn. Det betyr at vegen blir stengt for trafikk i austgåande løp mellom Sandslikrysset og Rådalskrysset.

Omkøyring

Arbeidet blir gjort nattestid for å hindre trafikken minst mogleg. Det er omkøyring på fylkesveg 171 og 179 mellom Sandsli og Sørås via Steinsviken. Eit alternativ kan vere fv. 172 mellom Birkeland og Rådal via Skagevegen.

Entreprenøren stiller med mannskap ved Sandslikrysset, der som kjent også pågår vegarbeid for Miljøløftet.

Utrykkingskøyretøy får passere på Flyplassvegen i perioden.