For det er jo slik at dei staute byggekranene har ein jobb å gjere frå plass til plass i store motorveg-prosjekt som dette. Krana har stått lenge nok ved dei store tunnel-portalane i Rådal. No er det tid for same oppdraget ved ny portal for Søråstunnelen.

Fire dagars jobb

Ei slik flytting tek normalt kring fire dagar. Då er det to dagar på førebuing og gjennomføring av nedbygging. Så er det om lag same tida på å bygge opp att krana på ein ny plass.

Krana blir brukt til å løfte alt byggemateriell opp på det veksande portalbygget - og elles tunge løft som skal gjerast trygt og effektivt.

Til nedbygging og oppbygging blir det brukt ei mobilkran med stor og presis løftekapasitet. Kranbommen har eit utlegg på kring 50 meter. Og krana er altså kring 50 meter høg, med løftekapasitet på 40 meter.