E39 Svegatjørn-Rådal har to av dei største vegkontraktene i landet. Dette stiller store krav til Statens vegvesen med oppfølging og kontroll av entreprenørane sitt arbeid. Dette gjeld og innan fagfeltet for berekning av fysiske mengder ute i dagen og i tunnelane, og utarbeiding av målebrev. Til bistand i dette har ein engasjert eit eige rådgivingsfirma som skal skaffa datagrunnlaget innan geomatikk.

Bergens-firma

Det er arbeidsfelleskapet Veseth AS og Hawkeye AS i Bergen som har fått oppdraget. Dei kom i gang i haust og er å sjå ute i anleggsområdet så snart veret ikkje er for krevjande.

Den tysk-produserte drona skal ikkje ha for sterk vind når ho er ute i lufta. Grensa går ved 10 meter pr.sekund. Sikta skal og vere god. Drona kan gå inntil 125 m opp frå bakken, ifølge konsesjonen frå Luftfarttilsynet. Drona er utstyrt med kamera for stillsfoto, og kan ta opptak heilt rundt frå posisjonen, altså 360 graders oversikt. Opptaka gir grunnlag for terrengmodellar.

Minst fem års arbeid

Programvaren gir dessutan basis for levering av modellar som og kan brukast for måledata i tunnelane. Men drona har sjølvsagt for lite luft under propellane til å flyge i fjellrom av norsk vegtunnel-standard.

Hawkeye AS har drive med drone halvtanna år. Det meste av det geomatiske arbeidet kan gjennomførast med flyging. Men framleis blir det utført ein del målingar på «gamle-måten».

Teneste-oppdraget skal utførast fram til utgangen av 2020, med opsjon på forlenging eitt år om gongen i to år.