Det er ei nær to km lang strekning av nye E39 og avkøyringsrampen austover ved Svegatjørn, som blir teken i bruk for trafikk frå Halhjem og Moberg mot Tøsdal. Det betyr at trafikken frå Halhjem mot Bergen ikkje lenger treng køyre via fv. 160 Ulvenvegen frå 29.april.

Omlegginga av E39 vil gjelde vidare gjennom anleggsperioden for E39 Svegatjørn–Rådal.

Asfalt natt til fredag

Men alt natt til fredag 26. april blir det trafikkdirigering på E39 i båe retninger mellom Ulvenvatnet og Tøsdalsskiftet i Os. Då skal det utførast fresing i vegbana og deretter legging av nytt asfaltdekke. Dette blir gjort for å klårgjere nyevegen til trafikken frå 29. april.