Statsråden avslutta ein lang dags ferd mellom Stord og Bergen tysdag med synfaring og orientering om status for bygging av motorvegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal.

Velkomen tilbake

- Dette vegprosjektet vil ha ein stor verdi for ein utvida arbeidsmarknad i regionen. Ikkje minst blir den nye motorvegen viktig for næringstransporten langs langs E39 på Vestlandet, sa Dale.

Ordførar Terje Søviknes i Os var ikkje snauare enn at han ønska statsråden velkomen tilbake til opning av prosjektet i 2022.

Flyplass-armen

Prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen stadfesta at det framleis er ei målsetting å kunne opne heile E39 Svegatjørn–Rådal sommaren 2022. Armen på rv. 580 mellom Nordås og Flyplassvegen har ein som mål å kunne sleppe trafikk på eitt år tidlegare.

Ottesen orienterte gjestane om status for prosjektet, som er godt og vel halvvegs ute i byggeperioden no. Som byggeleiar for den største kontrakten orienterte Kari Bremnes om arbeidet gjennom synfaringa med buss på fleire av byggeplassane i Os.
Den førre statsråden, Ketil Solvik Olsen, var på same synfaringa 26. juni i fjor.