Dette er den største elektro-kontrakten som Statens vegvesen har inngått. Arbeidet tek til lengst sør på strekninga mellom Svegatjørn i Os og Nordås i Bergen.

Arbeid for 45

- Vi tek til med arbeidet i Skogafjellstunnelen i første omgang. På det meste vil vi ha kring 45 personar i arbeid på prosjektet, opplyser ass. prosjektleiar Anders Rolland Jacobsen i elektro-entreprenøren Magnus M.Thunestvedt AS i Bergen. Dei samarbeider med ABB AS i Asker om det store oppdraget på E39-prosjektet i Os og Bergen.

Kabeltrekking først

I første omgang blir det kabeltrekking, før montasjearbeidet kan ta til. I prosjektet blir det strekking av heile 125 km med el-kablar og 100 km med fiber-nett.

Arbeidet kjem først i gang i det nordgåande løpet av Skogafjellstunnelen i Os. Anleggstrafikken mellom Svegatjørn og Endalausmarka vil no gå gjennom det andre tunneløpet. Etter ein periode flyttar elektro-folka seg over til andre løpet, og trafikken blir også då flytta til løpet utan mannskap i arbeid. Dermed kan elektro-entreprenøren jobba utan trafikk og heft i tunnelane.