Det blir på strekninga på nærare ein kilometer mellom Siljustøl og anleggsområdet ved tunneportalen til E39 Svegatjørn–Rådal (ved Skeievatn og Fana golfklubb) at dagens køyremønster blir innsnevra til eitt felt i kvar retning.

DSC_9434 Rv. 580 FlyplassvegenRv. 580 Flyplassvegen blir innsnevra frå fire til to felt mellom Skeievatn og Siljustøl, i bakgrunnen (Foto: Geir Brekke)

Utvida anleggsområde

Årsaka til omlegginga er at dei to ytterfelta vil inngå i vidare anleggsarbeid for prosjektet. Det blir dei to felta ut mot sidearealet på strekninga som blir stengde for trafikk. Dei to indre felta - mot midten av dagens veg - skal avvikle trafikken vidare gjennom anleggsperioden – i båe retningar.

DSC_9556 Rv. 580 FlyplassvegenDet blir dei to ytterfelta på dagens veg som blir stengt for anleggsarbeid frå natt til 6. mai. (Foto: Geir Brekke)

Opplegget blir likt det som ei tid har fungert på rv. 580 Fritz C. Riebersveg, der det er eitt felt i kvar retning forbi anleggsområdet mellom Sørås og Skjoldnes-lokket.

Arbeid to netter

Omlegginga blir tilrettelagt gjennom arbeid natt til mandag og natt til tysdag. Då vil det vere trafikkregulering i det feltet der arbeidet pågår gjennom natta, med inntil 10 minutts ventetid. Dette arbeidet vil pågå mellom 22.00 og 06.00 båe nettene.