Bergen Næringsråd hadde onsdag 12. september ein større transport-konferanse, der vegdirektør Terje Moe Gustavsen og regionvegsjef Helge Eidsnes var mellom deltakarane.

Midt i tunnelen

Vegdirektøren hadde telefonkontakt med assisterande prosjektleiar Arne Eltvik i Statens vegvesen. Han var på plass om lag midt inne i tunnelen – i lag med prosjektkolleger på E39 Svegatjørn–Rådal og folk frå Veidekke – for å markere siste gjennomslag på søre delen av Lyshorntunnelen. Tunnelen går mellom tverrslaget på Hamre og Endalausdalen i Os kommune.

Her utløyste skytebas Jan Roar Lien frå Veidekke sjølve salven, på klarsignal frå vegdirektøren.

Konferanse-trøkk

Via telefonen blei sjølve gjennomslag-smellen overført til høgtalaranlegget i Terminus Hall. Slik fekk konferanse-deltakarane kjenne drønnet og trøkket frå fjellsprenginga. Gjennomslaget fekk applaus, både i tunnelen og i konferanse-salen.

Siste smell til våren

Det endelege gjennomslaget i den 9,2 km lange Lyshorntunnelen på E39 Svegatjørn–Rådal vil kome våren 2019. Då vil det etter planen bli ei markering med inviterte gjestar.

Etter onsdagens gjennomslag står det att å få sprengt ut kring 1.800 av totalt kring 30.600 meter tunnelløp i prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal.