Endalausmarka mellom Skogafjellstunnelen og Lyshorntunnelen er framleis eit stengt anleggsområde. Men på open dag for publikum kunne gjestane notere seg at marka har fått fleire bruer - og det som teiknar seg fram som ny fire-felts E39.

Halvert køyretid

– Det skal bli kjekt med halve reisetida til jobb i Bergen, var det fleire som fortalte i køen til minibussane, som tok folk vidare nordover i retning Bergen. Bussane snudde ved fylkesvegbrua, der det er utsikt over mange byggeplassar.

Andre fortalte at dei hadde kjøpt tomt og bygd hus i Os med tanke på ny, raskare og tryggare E39 mellom Os og Bergen. At flyplassen kjem mykje nærare for osingar, var og eit poeng, som blei omtalt i køen.

8 min til Lagunen!

- Det vil ta åtte minutt mellom Svegatjørn og Lagunen, fortalte byggeleiar Kari Bremnes, ein av mange reiseleiarar frå Statens vegvesen på minibuss-synfaringa gjennom anleggsområdet. Det vakte jubel hos ein del av passasjerane. Og returen heim att til Os tek same tida.

Men osingar og andre trafikantar må nok vente nokre år før ny E39 er køyreklar.

Kan hende kan det bli endå ein open dag for interesserte seinare i byggeperioden?