DSC_9181 Vassleidninga E39 Svegatjørn-RådalVassleidningsgrøfta er klar for røyrlegging. (Foto: Geir Brekke)

Det er kring to år sidan Statens vegvesen og Os kommune signerte avtale om bygging og omlegging av VA-anlegg i samband med utbygginga av ny E39 mellom Svegatjørn i Os og Nordås i Bergen.

Reserveforsyning i to retningar

Vassleidninga skal gi Os kommune ei reserveforsyning som dei ikkje har i dag. Det blir eit samanhengande leidningsnett på heile den nye motorveg-strekninga.

Statens vegvesen har og signert ein liknande avtale med Bergen kommune om VA-anlegg på delar av vegprosjektet i Bergen. Det gir og Bergen kommune ei reserve-vassforsyning frå Os for sørlege delar av byen, om det skulle knipe.

Siste delen av av leidningsgrøfta kjem i den 9,2 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka i Os og Rådal i Bergen. Her er det venta gjennomslag på tunneldrivinga seinare i vår.

DSC_9186 Vassleidninga E39 Svegatjørn-RådalSlik er røyra som skal gi reserve-vassforsyning i lina for nye E39 Svegatjørn-Rådal. (Foto: Geir Brekke)