Det var full sommar då folket samla seg til opningsfest for ny veg. Planen var opprinneleg at ny veg skulle takast i bruk før jul 2017. Men med meir murbygging og knallhard vinter som forklaring – var det ingen som klagde over at det blei opning i T-skjortevær midt i mai istaden.

Ros og honnør

Ordføraren roste resultatet, med fin og stor tørrmur og god gang- og sykkelveg. Ho registrerte at sykkelfolk sto og trippa for å ta i bruk nyevegen straks ho hadde klypt snora.

Prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen ga stor honnør til entreprenørane Veidekke og Vassbakk & Stol for godt arbeid. Han ga og ein status for øvrig arbeid med kontrakten. Snart er 90 prosent av den 9,3 km lange Lyshorntunnelen sprengt ut.

Om nokre veker vil E39-trafikken bli lagt inn på den nye 700 meter lange Ulvenvegen pga av anleggsarbeid på E39 i området. Dette vil vere ei omkøyring som vil pågå kring eit halvt års tid.