Dagens innsnevring til eitt felt i kvar retning blei i mars 2018 etablert på drøye 200 meter forbi Bohus på Søre innfartsåre her. No blir dette forlenga vidare nordover til betonglokket som er bygt for Skjoldnes utbygging. Samla lengde for eitt felt i båe retningar blir såleis kring 800 meter.

Heilt stengt delar av helga

Omlegginga vil skje mellom kl. 22.00 laurdag 1. september og fram til kring kl. 12.00 søndag. Under omleggings-arbeidet blir rv. 580 Fritz C. Riebersveg heilt stengt for trafikk i båe retningar mellom Søråskrysset og Hopskrysset.

Strekninga på kring 800 meter mellom Nordås og Skjoldnes blir snevra inn frå fire til to felt ut på søndagen. Trafikantane vil i større grad merke dette frå første kvardag, mandag 3.september.

Omlegginga blir permanent i resten av anleggsperioden i området.