For tida legg entreprenøren fleire typer membran på ei rekke av konstruksjonane på motorvegprosjektet mellom Bergen og Os.

Oppvarming

Full fuktisolering (type A 3-2) med prefabrikert membran skjer med oppvarming av undersida på membranen med gassbrennarar. Dette medverkar til at membranen blir kleba til underlaget med primer.

Denne metoden blir på E39 Svegatjørn–Rådal i hovudsak nytta på loddrette veggar og dei runde (sirkulære) tunnelportalane.

To andre metodar

Ein annan metode for fuktisolering skjer med type A3-4, med såkalla polymodifisert bitumen. Først blir det påført kleber som blir strødd med sand. Deretter blir det lagt topeka-dekke på kring 12 millimeter. På prosjektet blir slik membran nytta på horisontale kulvertar og brudekke.

Den tredje metoden er bruk av polypropylen (PP) membran. På prosjektet blir denne metoden nytta der betongportalen «går inn» i fjellet og blir støypt fast i fjell. Då blir det ei samankopling med tunnelmembranen.