Dagens omkøyring har vore i bruk sidan før fellesferien, tidleg i juli i 2017. Denne vegen skal snart fjernast. Då blir det etter kvart klart for graving og bygging av VA-anlegg og overvassleidning i området.

400 meter

Dei siste dagane har det vore legging av asfalt på den kring 400 m nye omkøyringsvegen, som ligg nokre meter lenger vest, inn mot det som skal bli dei to munningane av Råtunnelen i Rådal.

Deretter skal oppmerking av vegbana gjerast og det skal monterast rekkverk. Så snart som dette er ferdig vil trafikken bli langt inn på den nye omkøyringsvegen. Omlegginga vil skje om natta, når trafikken på Fanavegen mellom Stend og Laguneparken er på det lågaste.

Kort «levetid»

Denne omkøyringsvegen vil bli brukt av trafikantane til over sommaren, er planen.

Gang- og sykkelvegtrafikken gjennom anleggsområdet vil framleis skje på gamle Osbanen, med utsiktsplass for dei som vil studere framdrifta på det framtidige Rådalskrysset på E39.